posted by organizer: roby || 972 views || tracked by 1 users: [display]

Felles IT-konferanse 2015 : Joint IT Conference (Felles IT-konferanse) 2015: NIK - NOKOBIT - NISK - UDIT

FacebookTwitterLinkedInGoogle

Link: http://itkonferanse.hials.no
 
When Nov 23, 2015 - Nov 25, 2015
Where Ålesund, Norway
Submission Deadline Jul 1, 2015
Notification Due Sep 21, 2015
Final Version Due Oct 9, 2015
Categories    NIK   NOKOBIT   NISK   UDIT
 

Call For Papers

NIK, NOKOBIT og NISK er veletablerte, norske, akademiske konferansar innanfor ulike grenar av IT-fag. Dei vert arrangerte saman 23.-25. november 2015 i Ålesund. Arrangør er Høgskolen i Ålesund (HiÅ).

Jugendbyen og regionen rundt er heim for ei lang rekkje høgteknologiske bedriftar, særleg innanfor maritim industri. Høgskolen i Ålesund har ei aktiv rolle i den maritime klynga. Blant dei IT- og datafaglege nyvinningane finn me bruken av simulering og visualisering, både i trening for krevjande maritime operasjonar og til virtuell prototyping som lekk i design- og utviklingsprosessen, samt kunstig intelligens og kybernetikk i kontrollsystem.

Felles IT-Konferanse
Felles IT-konferanse ynskjer å vera eit treffpunkt for heile breidda av IT-miljø ved universitet og høgskuler i heile landet. Tradisjonen med felleskonferanse starta i 2000, med samlokalisering av NIK og NOKOBIT. Dei to konferansane er langt eldre, med røter i kvar sin fagtradisjon. NIK vart arrangert første gong i 1988 og NOKOBIT i 1993. NISK kom til ut på 2000-talet.

Overlappen mellom dei to konferansemiljøa vert berre mindre med åra, med stadig fleire deltakarar som kjenner seg heime på fleire av konferansane. Me håper at felleskonferansen er attraktiv ogso for nye deltakarar, som ikkje har lange band til den eine eller den andre konferansen. Gje oss gjerne eit ord dersom der er noko du saknar.

Alle konferansane tek imot bidrag på norsk, skandinavisk eller engelsk, og aksepterte bidrag skal presenterast på konferansen. Kvar konferanse har sitt eige tidsskrift med eigne ISSN-nummer og godkjenning på nivå 1 i Noreg, mao. eitt publikasjonspoeng per artikkel. Alle artiklar vert fagfellevurdert og aksepterte bidrag vert publisert i tidsskriftet for konferansen.

Kvar konferanse utarbeider eigen, detaljert bidragsinvitasjon.

Norsk Informatikkonferanse (NIK)
NIK inviterer til bidrag frå heile breidda av norsk informatikkforsking, og oppmodar særleg til bidrag stilte for eit breiddt samansett publikum. Både fullstendige artiklar (inntil 12 sider) og korte bidrag (inntil 4 sider) vert aksepterte. Malar for LaTeX og Word er tilgjengeleg på http://www.nik.no/layout.html.

NIK 2015 vil anta eit avgrensa tal studentbidrag som dokumenterer arbeid på lågare eller høgare grad. Nokre studentbidrag vert subsidiert med gratis deltakaravgift.
Sjå fullstendig bidragsinvitasjon (Call for Papers). Innsending av bidrag skjer i EasyChair.

Kontaktperson: Hans Georg Schaathun hasc@hials.no (leiar for programkomitéen)

Norsk Konferanse for Organisasjoners Bruk av IT (NOKOBIT)
NOKOBIT er ein veletablert nasjonal konferanse for informasjonsvitskap og informasjonssystem og tek opp aktuelle temaer knyttet til utvikling, implementering og bruk av IKT i organisasjonar, samt samfunnsmessige problemstillingar ved IKT. Konferansen skal vera ein felles arena for både forskarar og praktikarar i faget.
Bidragsinvitasjon (Call for Papers) er publisert. Artiklar kan vera på inntil 14 sider og må fylgja oppsett mal.

Kontaktpersonar: Anniken Karlsen ak@hials.no (lokal arrangør) og Guttorm Sindre guttorm.sindre@idi.ntnu.no (styreleiar)

Norsk Informasjonssikkerhetskonferanse (NISK)
NISK er ein spesialistkonferanse for informasjonssikkerheit, arrangert av nettverket FRISC. Bidragsinvitasjon vert publisert seinare.

NISK bruker NIK sin mal for artiklar http://www.nik.no/layout.html
Kontaktperson: Vladimir Oleshchuk vladimir.oleshchuk@uia.no (leiar for programkomitéen) og Hans Georg Schaathun hasc@hials.no (sekretær/lokal arrangør)

Utdanning og Didaktikk i IT-fag (UDIT)
Nytt av året er eit felles programspor for utdanning, læring og undervising i datafaga. Me dette ynskjer me å styrka konferansen som ein møteplass for lærarar og andre som er involvert i IT-utdanning. Dette sporet skal vera ope for ein noko meir praktisk tilnærming enn det som er typisk for vitskaplege artiklar, og me inviterer originale og kreative artikler som set ljos på ein kvar side av læring, rekruttering, kursopplegg mv. Utan å utelukka arbeid som nyttar fagpedagogisk forskingsmetode, ynskjer me særleg velkomen til reflekterte raportar frå praktisk undervising.

Bidrag til UDIT vert publisert som del av anten NIK eller NOKOBIT, i deira tidskrift, og bidrag må nytta malen for konferansetidsskriftet der det evt. skal publiserast.

Kontaktperson: Arne Styve asty@hials.no (leiar for programkomitéen)

Forslag til verkstadsseminar og andre programinnslag
Ved sidan av presentasjon av innsendte bidrag ynskjer me verkstader (workshops) og andre innslag på programmet, og forslag er velkomne. Forslag må innehalda tittel, formål og ansvarleg person (namn og epost). Slike innslag treng ikkje vera knytt til éin særskild konferanse, og innslag som bidreg til å byggja bru og/eller fylla hol er særleg velkomne.

Pris for beste bruk av norsk fagspråk
Konferansane ynskjer å bidra til god språkrøkt, og me vil difor dela ut ein pris for beste bruk av norsk fagspråk blant dei artiklane som vert akseptert på ein av konferansane.
Juryformann: Anders Ulstein anut@hials.no

Viktige datoar
Frist for bidrag (NIK/NOKOBIT/UDIT): 1. juli 2015
Forslag til andre programinnslag: 1. august 2015
Frist for bidrag (NISK): 31. august 2015
Svar om antekne bidrag: 21. september 2015
Frist for trykklar versjon: 9. oktober 2015
Konferanse: 23.-25. november 2015

Related Resources

ICITA 2018   International Conference on Information Technology and Applications
CLiC-it 2017   Fourth Italian Conference on Computational Linguistics
7th ICITCS 2017   iCatse International Conference on IT Convergence and Security
WPCE 2017   2017 2nd International Conference on Water Pollution Control Engineering
AI*AAL.it 2017   Third Italian Workshop on Artificial Intelligence for Ambient Assisted Living
CKS 2018   Challenges of the knowledge society
ICT & KE 2017   The 15th International Conference on ICT and Knowledge Engineering
NYTS 2017   NY Tech Summit
ITiP 2018   IT in Practice (ITiP) Symposium
AEECT 2017   IEEE Jordan Conference on Applied Electrical Engineering and Computing Technologies